Utanlandske sjåførar hadde ikkje alt i orden

DEL

246 køyretøy var innom Håbakken kontrollstasjon tysdag 25. februar, der alle vart vurderte for dekkutrusting og vekt, og mange har ting i orden.

14 køyretøy vart plukka ut til ein meir omfattande kontroll.

Her vart ein dansk sjåfør meldt for å ha køyrt for lenge før vedkomande skulle teke pause på 45 min.

Ein svensk sjåfør måtte ordne lasta som var for brei, og måtte til å stable om for å få alle kollia innanfor lovleg bredde på 255 cm.

Ein sjåfør frå Estland vart pålagt gebyr for å køyrt med dekk under minimumsgrensa for årstida.

Elles må eit litauisk transportfirma skifta to bremseskiver på tilhengjaren, då desse var rusta og i dårleg forfatning.

Artikkeltags