Utagerande mann arrestert i Florø

Publisert 22.08.2019 kl. 22.26.

Politiet fekk melding om skadeverk og truslar i Florø, melder Vest Politidistrikt. Den mistenkte personen vart utagerande i samband med pågripinga. Han knuste ei rute på patruljebilen. Politiet måtte nytta peparspray for å få kontroll på den mistenkte.


Den mistenkte, ein mann i 30-åra, vart køyrd i ambulanse til sjukehuset i Førde med bistand frå politiet.


Les meir om: Nyhende Notis Politi

Siste saker Gå til framsida