Onsdag vart det klart at vegen ikkje opnar før om tre veker. Det melder Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Fjellsida består av stein og blokker som ligg i laus urmasse med opne sprekkar. Det gjer det svært utfordrande å driva fjellsikring.
- Det blir ei slags dominofeffekt, der inngrep på ein plass i fjellsida kan setja steinar og massar i bevegelse og det kjem ras ein annan stad, ei slags fjernutløysing. Me ka ndifor ikkje ha arbeidsfolk i desse ustabile områda og ikkje ha trafikk på vegen medan sikringsarbeidet pågår, seier Tord Arne Meisterplass, ingeniørgeolog i Vestland fylkeskommune i pressemeldinga.
Det vil gå tre veker før vegen er trygg nok til å opnast for trafikk, vert det opplyst.