STREIK: Sogndal vidaregåande skule er ein av skulane der tilsette er i streik i neste veke.

UNIO Sogndal med streikevarsel

Publisert 16.05.2019 kl. 15.32.

I dag leverte UNIO Sogndal streikevarsel for 117 av sine medlemer til rådmannen i Sogndal kommune og til fylkesrådmannen.


Dersom det ikkje vert einigheit i meklinga mellom partane, vil det verta sreik frå den 14. mai.


Tilsette på Sogndal vidaregåande skule og på ungdomstrinnet på Kvåle og Kaupanger skule vil frå klokka 06.00 den 24. mai vera i streik. 


I tillegg er hovudtillitsvalde i UNIO som sit i streikekomiteen tekne ut.


UNIO står samla bak kravet om lønsvekst på nivå med andre yrkesgrupper for langtidsutdanna i skuleverket, skriv dei i ei pressemelding.


 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal