– Livet er herleg, seier den utflytte kaupingen, Finn Aaron Bruhaug.

Han bur no i Gjøvik saman med sambuar og to born. Livet smiler, men slik har det ikkje alltid vore. Med ein oppvekst prega av lærevanskar og ei trøblete ungdomstid enda han opp hjå barnevernet. Eit tiltak som bygde Finn opp til å bli den han er i dag.

Kom bakpå

Skulen var aldri noko for Finn. Uroleg og med konsentrasjonsvanskar kom han bakpå, medan klassekameratane rykka fram.

– Eg har ein annan måte å ta inn kunnskap og informasjon. Eg klarte ikkje læra på tradisjonelt vis.

Etter å ha karra seg gjennom skuleåra stod vidaregåande for tur. Sommarferien før første semester på elektrolinja på Sogndal vidaregåande var Finn og mora på tur i Canada. Her oppdaga han ein byll.

– Eg vart hasteinnlagt på sjukehus og dei snitta opp byllen. Så fekk eg ein infeksjon. Eg vart liggjande på intensiven i tre veker og hadde tre veker med heimehjelp. På grunn av medisinane hugsar eg ikkje så mykje anna enn den første veka på sjukehuset.

Studiestart

I Sogndal venta livet som ungdom i eiga leilegheit og studiestart. Men det var noko som ikkje stemte.

– Kroppen min følte på abstinensar, men eg visste ikkje kva det var. For å dempa dei måtte eg få eit adrenalinsjokk. Gjera dumme ting. Skremma meg sjølv.

Medisinen Finn hadde fått i Canada var ikkje lovleg å gje til born i Noreg, fortel han. Overgangen til Paracet og Ibux vart rett og slett for tung.

– Eg droppa ut av vidaregåande, slo opp med dama og fekk rulla opp ein heil haug av uheldige handlingar. Det var heilt tullete. Til slutt tok barnevernet ansvaret for meg.

– Kor lang tid heldt du på?

– Eit par månadar. Det var ikkje meir tid enn det ein trengte for å snu det. Eg ante ikkje kva som skjedde. Eg tek fullt og heilt ansvar for handlingane mine, men hadde eg visst grunnen hadde eg kanskje tenkt annleis. Eg var 15 år, så eg var ikkje stand til å tenkja slik.

Problemborn

Sogn barnevern fekk den trøblete ungdomen i fanget.

– Dei visste ikkje kvar dei skulle plassera meg. Eg var ikkje ein klassisk barnevernsgut. Eg hadde mine tankar om kva eg ville.

Etter ei turbulent tid, og eit par dagar på glattcelle vart han teken hand om av Bjørge Fedje og seinare Bjarte Vatlestad i barnevernet.

– Eg hadde det frykteleg fint med dei. Eg merka at ting gjekk ut av systemet og at eg var på veg attende til meg sjølv.

Privat institusjon

Medan barnevernet fann ut kor Finn skulle hadde Vatlestad tatt han med opp på høgfjellet. Då vart det bestemt at Finn skulle på barnevernsinstitusjonen Hugin Barnevernstiltak i Toten.

– Det var ei dame der som sette meg i ein sofa og byrja å forklara rutinane. Eg byrja å le. Kvifor skulle ho dama fortelja meg korleis det skulle vera og gjerast.

– Korleis var det å innfinna seg med det?

– I starten var det frykteleg rart, men det tok ikkje lang tid før eg fann roa. Eg hadde det eigentleg veldig fint. Eg fann ut at om eg heldt meg innan for nokre enkle rammer, kunne eg eigentleg gjera det eg ville. Eg vart følgt opp utruleg godt. Det er som å ha ein utruleg ressurssterk familie rundt seg. Dei gjorde det dei kunne for å leggja til rette for meg. Det vart som eit springbrett.

Geni

Medan Finn fann att sine eigne røter oppdaga han og dei rundt at han slett ikkje var ein dum gut, snarare tvert om. Hjernen til Finn vart kartlagt og fekk målt ein IQ rundt 160. I klasse med Albert Einstein.

– Det tok litt tid å forstå. Folk rundt meg vart ikkje så overraska. Dei hadde tydelegvis visst at det var noko.

Etter dette har livet balla på seg. Finn var flink til å vera rebell, men han var også flink til mykje anna.

– Eg vann ein entreprenørkonkurranse hjå Innovasjon Noreg som enda med at eg patenterte eit vindaugssystem. Det gav meg pengar til å koma meg på bustadmarknaden.

Vil reflektera

Oppussing, utleige og investeringar har leia han til ein solid formue. Skule har derimot aldri freista.

– Eg har ingen ynskje om å utdanna meg vidare. Det har ingen hensikt for meg å reprodusera materiale, slik det hovudsakleg er i skulen. Eg vil reflektera og koma med eigne nyansar.

Det har gjort at Finn no jobbar som SFO-leiar i Gjøvik og prøvesensor i barne- og ungdomsabeiderfaget i Oppland. På si byggjer han draumebustaden for 30 millionar kroner.

– Kvifor SFO-leiar?

– Eg trivst utruleg godt i jobben, og eg får vera hjå ungane mine på dagtid. Eg er litt egoistisk slik, så kan eg heller bruka evnene mine til noko i framtida. Mi eiga erfaring har hjelpt meg mykje i yrkeslivet, og er grunnen til at eg utdanna meg slik eg gjorde. Eg elskar å jobba med åtferdsproblematikk. Har du eit born som har det vanskeleg i skulen, så gje det til meg.

Ei tid for alt

Men det er ei tid for alt. Finn har sjølv ein plan om å jobba som SFO leiar til sonen startar i tredjeklasse. Då startar eit nytt kapittel.

– Då har eg eit ynskje å starta opp med entreprenørverksemder eg har tenkt på.