Ungdommar sendt til Førde sjukehus etter mopedkrasj

DEL

To gutar på moped krasja i går kveld, like ved Flatbygdi skule i Vik.

– Det er mogleg at den eine køyrde inn i den andre bakfrå, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka i 22-tida torsdag kveld.

Begge gutane er seint i tenåra.

Dei vart først sendt til legevakta i Vik, men begge vart sendt vidare til Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags