Ung mann kom i klem då han sat på traktorskuffe - til sjukehus med luftambulanse

Ein ung mann skal ha kome i klem mellom skuffen og hjulet til traktoren.

Publisert 04.12.2019 kl. 09.57. Oppdatert kl. 15.07.

Klokka 09.47 onsdag melder politiet om ei ulukke med traktor i Almurbakkane mellom Høyanger og Vadheim.


- Ulukka har skjedd i samband med transport av personar i ein traktor. Ein person skal vera skadd, men skadeomfanget er ukjent. Naudetatar er på veg til staden, opplyser politiet på Twitter.


10.03 opplyser politiet at luftambulanse er på staden.


- Den skadde var bevisst då han vart frakta til sjukehus. Politiet snakkar med føraren av traktoren, og gjer undersøkingar på staden, opplyser Vest Politidistrikt.


Nrk skriv at den skadde skal vera elev ved jakt- og fiskelinja ved Nordfjordeid Folkehøgskule på Sandane, og at ulukka skjedde då elevane skulle fraktast med traktor opp på fjellet.


- Då føraren sette traktoren i revers, kom det eit rykk slik at mannen mista balansen og fall ned mellom skuffen og traktorhjulet, seier innsatsleiar Gunnar Englund hjå politiet til Nrk.


Til saman sju elevar vart frakta med traktorskuffa.


Les meir om: Nyhende Høyanger Politi