Under halvparten hadde alt i orden

DEL

126 tunge køyretøy var innom kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal torsdag ettermiddag/kveld. Kontrollørane plukka ut 14 av dei til nærmare kontroll på grunnlag av vekt, synlege manglar, resultat frå tidlegare kontrollar og kjennskap til transportfirma.

Resultatet var ikkje mykje å skryta av.

Ein norsk transportør må betala 6500 kroner i overlastgebyr, og lasta av til rett vekt på semitrailer.

Ein transportør frå Romania fekk køyreforbod på semitrailer på grunn av teknisk tilstand på bremsesystemet. Her var det utslitne bremseband, og slark i overføringa mellom bremsesylinder og bremseband, som førte til svake bremser.

Ein norsk trekkbil var begjært avregistrert på grunn av at det ikkje var utført etterkontroll og godkjenning av manglar frå EU-kontrollen. Bileigar fekk verkstad i Lærdal på plassen som sjekka opp i manglar, og utførte etterkontroll/godkjenning.

Eit latvisk transportfirma som utførte frakting av gods mellom stadar i Norge, kabotasjetransport, vart meld til politiet for ulovleg kabotasjetransport. Eit av kriteria for å utføra denne type transport er at transportfirma har gyldig Fellesskapstillatelse (Europeisk godsløyve). I dette tilfellet var dette løyve ugyldig.

Ein fillipinsk sjåfør for polsk transportør vert meld til politiet for brot på døgnkvile.

Elles vart det også skrevet manglar for mindre brot på køyre og kviletidsbestemmelsane på to andre sjåførar, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken