Gå til sidens hovedinnhold

Ulven er skoten

Har jakta på ulven i over to år – no er «Lucky» skoten.

Det melder NRK Vestland fredag ettermiddag.

Sidan onsdag har det vore jakta etter ulven som har halde til i Høyanger, Hyllestad og Fjaler i over to år, og drepe mange sauer.

Miljødirektoratet har gjeve Statens naturoppsyn løyve til ekstraordinært uttak og om lag 20 jegerar vart sendt ut for å jakta på rovdyret denne veka. I laget var det også folk med spesialkompetanse på ulv.

Etter tre dagar med intensiv jakt vart altså «Lucky» skoten fredag rundt klokka 15.20.

Kommentarer til denne saken