Bård Hoksrud, som er helsepolitisk talsperson i Frp, er usamd i forbodet.
– Dei fleste butikkane har sett sine eigne aldersgrenser. Det meiner eg har vore ei god ordning, men vi har ei regjering og parti her på huset som er oppteken av å regulere og innføre forbod, seier Hoksrud til TV 2.
I innstillinga helse- og sosialkomiteen har til ny folkehelsemelding er det eit fleirtal beståande av Ap, Sp, SV og Raudt, opplyser Frp til TV 2.
Tidlegare tysdag vart det også fleirtal på Stortinget om eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge under 18 år.