Politiet melder seint måndag kveld om ein redningsaksjon i Åsedalen i Stølsheimen.

Eit eldre par har gått seg ville. Dei har gått sidan klokka 10 i dag, og er blitt overraska av snø på vegen.

Politiet fekk melding klokka 21. Politi og frivillige mannskap er på veg for å hjelpa turgåarane.