Ein redningsaksjon er sett i verk for å hjelpa ein turgåar som står fast med øydelagde stegjern på Gjertvasstind. Vest politidistrikt skriv på Twitter at det ikkje er meldt om personskade. Redningshelikopter er sendt til staden.
Gjertvasstind ligg i Luster kommune og er 2.351 meter høg.
– Det vil bli gjort forsøk på å flyga denne personen ned. Steggjerna hans skal vera øydelagt og utan desse blir det ikkje sett på som trygt å ta seg ned, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes ved Vest politidistrikt. Han seier det er ein norsk mann i 50-åra som står fast. Han skal ikkje vera skadd, men er åleine.
– Han er på rundt 2.000 meters høgde og tilhøva er krevjande.
Loftesnes seier det er nesten vindstille og lett skydekke, slik at det skal vera moglegheit for å flyga inn i området.
Ved 17-tida opplyser operasjonsleiar at redningshelikopter har lukkast med å henta ned mannen trygt ned til Turtagrø. Han er i fin form og skal ikkje ha behov for helsehjelp.