Turfølgje skredfaste ved Fanaråknosi

DEL

Eit redningshelikopter henta tysdag ned eit turfylgje som sat fast like nedanfor toppen Fanaråknosi (1990). Det melder Vest politidistrikt.

- Dei to ungdommane i slutten av 20- åra vurderte det som utrygt å gå ned att på grunn av fare for snøskred, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Ungdommane varsla sjølv om at dei hadde utløyst eit skred då dei gjekk opp. Ingen vart tekne av skredet eller skada. Politiet opplyser at helikopteret vil setja dei av der dei hadde byrja turen.

Artikkeltags