Tunnelar på E16 opna for fri ferdsel etter oppryddingsarbeid

DEL

SISTE: Tunnelane på E16 i Aurland er opna for fri ferdsel, melder Vegtrafikksentralen klokka 21.20 onsdag.

Flenjatunnelen på E16 i Aurland vart stengd grunna kring klokka 17.50 onsdag. Då vart det meldt at det låg eit skilt i vegbana.

Seinare vart det meldt om at det er olje- eller dieselsøl i vegen, og at brannvesenet rykte ut.

– Det er ein lastebil som har køyrt på eit skilt, og fått hol i dieseltanken. Det er mykje søl. Entreprenøren er på staden, men me har ikkje fått estimat på kor lang tid det vil ta å rydda opp, seier Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen.

I tillegg til Flenjatunnelen, vart også Gudvangatunnelen og Fretheimtunnelen stengde for å unngå opphoping av bilar i kø. Det var også planlagt periodevis stenging med manuell dirigering i Fretheimstunnelen grunna ein rekonstruksjon av ei ulukke.

I 20.30-tida opplyste brannvesenet at oppryddingsarbeidet var ferdig.

Artikkeltags