Tunnel var stengd grunna laus takplate

DEL

Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal var stengd på grunn av ei laus takplate i tunneltaket i fleire timar tysdag.

Reparatør frå brannvesenet og entreprenør var på staden.

Det vart kø i begge retningar.

Vegtrafikksentralen rekna ved 15.20-tida med at det vil ta 1,5-2 timar før tunnelen kan opnast for fri ferdsle.

Ved 17.20-tida vart det opplyst at tunnelen er open for trafikk att.

Artikkeltags