Gå til sidens hovedinnhold

Tunnel var stengd etter påkøyrsle

Like før klokka 17 onsdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke inne i Flenjatunnelen på E16 i Aurland.

– Alle er vakne, og snakkar greit for seg. Det er ikkje meldt om alvorlege personskader så langt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Naudetatane rykte ut til staden, og politipatruljen var i 17.20-tida akkurat komen fram.

Vest politidistrikt melder at det dreier seg om ei påkøyrsle bakfrå cirka to kilometer inne i tunnelen. Det er 80-sone på staden. To bilar, og tre personar er involverte i ulukka.

– Alle er ute av køyretøya, seier Knappen.

Dei tre vart sende til Voss sjukehus for sjekk.

Tunnelen var stengd, og det vart køar i begge retningar. Bilbergar var på veg til staden, melde politiet klokka 17.40.

Klokka 18.30 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open for fri ferdsel att.

Politiet veit førebels ikkje meir om kva som er årsaka til ulukka. Det er ikkje mistanke om rus, og politiet opprettar sak.

Kommentarer til denne saken