DELTOK: Denne gjengen deltok i distriktsfinalen i konkurransen Sikker på sykkel som blir arrangert av NAF. (Alle foto: NAF avdeling Sogn)

Åtte skular var med - to elevar vidare til landsfinalen

Elevane skal bli tryggare på sykkelen.

Publisert 25.05.2019 kl. 16.00.

23. mai arrangerte NAF avdeling Indre Sogn sykkelkonkurransen Sikker på sykkel for 6. gong.


I år som dei fire siste åra vart konkurransen halden på Vesterland feriepark på Kaupanger.

LØYPE: Elevane måtte gjennom ei sykkelløype innandørs i Vesterlandhallen.

Auke i deltakinga

Til saman åtte skular med elevar frå 4.-6. klasse deltok.


- Dette er ein auke frå i fjor noko me synest er kjekt. Men det er framleis plass til fleire, seier Jan Åge Berge, ved NAF avdeling Indre Sogn.


Skulane som var med fekk tilsendt materiell frå NAF til å bruka på interne konkurransane på skulane. Etter at skulane hadde gjennomført opplegget sitt kunne dei melda seg på til distriktsfinalen. Her deltok sju gutar og fem jenter var med.

ÅTTE SKULAR: Elevar frå åtte skular var med i konkurransen.

Praktisk og teoretisk

Sjølve konkurransen var delt i to, ein praktisk del og ein teoretisk del. I den praktiske delen skulle elevane gjennomføra 14 ulike øvingar. I den teoretiske delen skulle dei svara på trafikkrelaterte spørsmål.


Ved feil gjennomføring var det gjeve prikkar. Resultatet av prikkane og feil svar i teorien vart til slutt slegne saman. Dei med færrast poeng vann.


Vinnarar

Årets vinnar i guteklassen vart Frode Sjøtun Kvam. I jenteklassen vann Anna Marie Bremer. Begge går i 6 klasse og er frå Hafslo.


Landsfinalen blir arrangert 1. juni i Letohallen på Romerike.


Les meir om: Nyhende