Tala for januar viser at 6.157 personar eller 1,8 prosent av arbeidsstyrken i fylket var heilt ledige. Dette er under snittet for heile landet, som ligg på 1,9 prosent.

Arbeidsløysa er framleis låg, men NAV Vestland sin prognose for 2023 syner at den truleg vil auka med om lag 10 prosent i løpet av året. Det er venta at den største auken vil koma i dei bynære regionane. Det skuldast for ein stor del at arbeidsstyrken veks utan at sysselsetjinga klarar å halda tritt. Arbeidsløysa i fylket vil likevel vera lågare enn før pandemien.

Kvalifisering blir viktig

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier det framleis vil vera stort behov for arbeidskraft.

– Helse- og sosialtenester ligg på topp over sektorar som treng arbeidskraft. Jobbutsiktene er også lyse i overnatting og servering, seier Bogsnes.

Det store gapet mellom dem kompetansen arbeidsgivarane treng, og kompetansen arbeidssøkjarane tilbyr gjer at kvalifisering blir eit nøkkelord i 2023.

– Saman med utdanningssektoren og arbeidsgivarane skal me hjelpa fleire til å få kompetanse som kan gi varig arbeid. Me har mange gode samarbeid om utdanning som bidrar til kvalifisert arbeidskraft innan fleire bransjar som treng folk. Arbeidsplassen blir også ein viktig arena for opplæring og oppfølging, med arbeidsgivarane som viktige medspelarar, seier Bogsnes.

Store variasjonar mellom kommunane

Talet på utlyste stillingar har gått ned med 21 prosent samanlikna med same periode i fjor. I januar er det likevel nær 7.000 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan i helsesektoren (2 040), serviceyrke (676) og industriarbeid (636).

Arbeidsløysa er høgast i Ulvik (5,5 prosent), Eidfjord (5,1 prosent) og Austevoll (3,6 prosent). Tjue kommunar i Vestland har ei arbeidsløyse på under 1,5 prosent.