Bolstad, som har arbeidt seks år som lærar, vart tildelt prisen for ei oppgåve om klasseromsakustikk, melder Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) i ei pressemelding.

Kresen jury

Prisen vert gjeven til einskildpersonar som har levert si masteroppgåve ved eit norsk universitet som underviser i akustikk.

Det vert lagt særskilt vekt på at oppgåva skal vera nytenkjande, ha ein nyhendeverdi og at oppgåva er praktisk og nyttig for rådgjevarbransjen.

Juryen har vist seg svært krevjande å tilfredsstilla, og i fjor vart det difor ikkje delt ut nokon pris.

Har praktisk nytte

– Årets prisvinnar har skrive ei svært god oppgåve som me meiner treff godt med tanke på statuttane, seier Tore Moen, leiar for RIF si ekspertgruppe innan akustikk, og legg til:

– Oppgåva har praktisk nytte for rådgjevarane og bør vera av interesse også for entreprenørane og byggherrane.

Årets vinnar, trommeslagar Erlend Bolstad, tok fyrst ein bachelor i musikkteknologi. Deretter arbeidde han i seks år som lærar før han byrja på bachelor- og masterstudiet i akustikk på NTNU.

Bolstad arbeider for tida som akustikar for COWI i Trondheim.

Forska på etterklang

Tittelen på Bolstad si prisvinnande oppgåve er «Room acoustic conditions in primary schools», som på norsk vert noko slikt som «romakustiske forhold på grunnskular».

Han tilbrakte 16 dagar i felten på ulike skular i trondheimsområdet for å mæla lydnivå i undervising og romakustiske eigenskapar som bakgrunnsstøy og etterklangstid, som kort fortalt er den tida det tek før lyden døyr ut.

Ifylgje norma skal etterklangstida i eit klasserom vera maksimalt 0,5 sekundar, medan etterklangstida i t.d. Nidarosdomen er mælt til heile åtte sekundar.

Viktig konklusjon

Studiar har vist at lærarar får auka puls og større risiko for hjarteproblem dersom etterklagstida vert for lang.

Sanstundes er eit visst nivå av etterklang gunstig for talekomforten, då den som snakkar får hjelp av romet til å verta høyrd.

Det er difor kritisk å finna ei optimal etterklangstid som balanserer desse omsyna.

Konklusjonen i oppgåva til Bolstad er at aktivitetsstøy ikkje vert monaleg endra sjølv om ein endrar etterklangstida, og at det difor er lite å henta på å stilla strengare krav til etterklangstida enn det som er nedfelt i gjeldande føreskrift.

– Viktig for folk

– Det er veldig stas å få pris, og eg er veldig glad for det, seier Bolstad til Sogn Avis.

Han tykkjer det er positivt om oppgåva kan gje meir merksemd rundt problematikken knytt til akustikk.

– Eg trur det vert meir og meir fokus på det, og det er viktig når ein byggjer at bruksverdien av bygningane er så god som mogeleg, seier han.

Dei færraste har nok eit medvite forhold til akustikk, men dette er likevel noko som påverkar dei aller fleste. Det er berre å tenkja etter, så hugsar ein nok rom der det er vanskeleg å føra ein samtale, eller der det er behageleg.

– Akustikk er viktig for folk, meiner Bolstad.