Norled melder om forseinkingar på Mannheller-Fodnes tysdag føremiddag. Ifølgje tips til Sogn Avis er det trøbbel med ferjelemmen på Mannheller-ferja, som ligg ved Mannheller.

Ei ferje ligg på fjorden og ventar på å koma til kai, opplyser tipsar. Etter det Sogn Avis forstår, vil det vera normal drift i sambandet frå 10.40-avgangen.

Norled opplyser til Sogn Avis at problema har oppstått i samband med planlagt straumbrot. Ved 10.30-tida er problemet løyst og drifta starta att, opplyser Norled.