Gå til sidens hovedinnhold

Trøbbel med kontrollsystem set ferje ut av drift

Det er trøbbel i Balestrand-sektoren fredag morgon. Norled melder at rute B er innstilt på Vangsnes-Hella-Dragsvik inntil vidare på grunn av tekniske vanskar.

– Det er tekniske problem med kontrollsystemet på fartøyet Folgefonn. Me skal finna ut kva som er gale og har vore i kontakt med underleverandør til systemet for å få kyndig hjelp, seier Gaute Gangenes, regionsjef ferjer i Norled.

Ferja ligg no til kai på Dragsvik. Dersom ho er ute av drift meir enn seks timar, skal reservefartøyet MS Stord hentast frå Kaupanger for å vikariera for Folgefonn.

– Me kan berre beklaga, men tryggleiken kjem først, seier Gangenes.

Kommentarer til denne saken