Gjekk ned 46 kilo, no blir det sykkeltur

LETTARE LIV: På eit drygt år har Rønnaug Jansen frå Lærdal blitt 46 kilo lettare. (Foto: Ida Marie Skeide)

LETTARE LIV: På eit drygt år har Rønnaug Jansen frå Lærdal blitt 46 kilo lettare. (Foto: Ida Marie Skeide)

Av

På eit drygt år har Rønnaug Jansen frå Lærdal blitt 46 kilo lettare.

DEL

Etter det store vekttapet har livskvaliteten til Rønnaug blitt endra, og ho ser i dag fram til å nyte eit lettare liv. Ho har mange planar framover, men det viktigaste var likevel ein lengre sykkeltur med dottera si i løpet av sommeren.Etter fleire 10-år hadde vekta sakte men sikkert sneke seg opp til 121 kg. Då Rønnaug såg at det skulle arrangerast Grete Roede kurs i Lærdal, var ho fast bestemt på å melde seg på og gjere ein livsstilsendring.For innsatsen er ho kåra til årets Roede-ambassadør i fylket, skriv kursleiar Anne Karin Skjær i ei pressemelding.

Livsstil

Rønnaug Jansen frå Lærdal hadde ingen tidlegare erfaring med metoden då ho meldte seg på kurs hjå Anne Karin Skjær januar 2017. Ho fekk hjelp til å registrera mat og fysisk aktivitet gjennom å bruke si personlege dagbok på nettet. I tillegg til veiledning og oppmuntring frå andre kursdeltakere og kursleiar Skjær, oppnådde Rønnaug si trivselsvekt på 75 kg våren 2018. Ho hadde då gått ned 46 kg på litt over eitt år.

Eit lettare liv

Kvar dag har blitt lettare for Rønnaug Jansen på mange måtar. Ho har meir energi og overskot i kvardagen, og nyter god og sunn mat. Jansen angrar berre på en ting, og det er at ho ikkje starta tidlegare.- Aldri for seint å endre livsstilKursleiar Anne Karin Skjær er som sjukepleiar oppteken av ein sunn livsstil, der riktig ernæring og fysisk aktivitet er ein viktig del av kvardagen.- Dette håpar eg å formidle til mine kursdeltakarar. Roedemetoden kan vere det første steget til ein sunnare kvardag, som på sikt gir vektreduksjon og meir energi. Etter å jobba som kursleiar i over to år, er erfaringa så langt at kursdeltakarane får det langt betre når dei gjer endringar i kosthaldet. I tillegg anbefaler eg fysisk aktivitet, men ein rask gåtur på 30 minutter kvar dag kan vere nok. Likevel er det viktigaste å kome igang. Ein må hugse på at det aldri er for seint å endre livsstil

Artikkeltags