Treningsareal, klatreanlegg og campusområde stengjer torsdag kveld

Store delar av Fosshaugane Campus blir stengt.

DEL

Dei drastiske tiltaka og råda frå regjeringa torsdag ettermiddag, får også følgjer for store delar av anlegget på Fosshaugane Campus i Sogndal.

Der er det både baner, klatreanlegg og treningsareal, men også kontorareal som er meir eksklusive for enkeltaktørar.

I ei melding som vart sendt ut etter regjeringa si pressekonferanse torsdag, blir det kraftigare restriksjonar frå torsdag klokka 18.

Sognahallen inkludert klatreanlegget blir stengt. Idrettssenteret og Spenst sine lokale blir stengde.

Når det gjort ny vurdering, vil leigetakarane bli informerte om det.

Baner ute blir stengde for organisert aktivitet ut april i samsvar med NFF sine vedtak.

Når det gjeld kontorareal er det slik at kvar verksemd styrer sine eksklusive areal. Felleareal blir stengde frå fredag morgon.

Utleigar varslar at dei vil sejta inn nye tiltak dersom det vert problem med oppsamling av uorganisert aktivitet i lokala i opningstida.

Tidlegare torsdag fortalde dagleg leiar på Idrettssenteret, Kolbjørn Rydvang, at dei satsa på grundige hygienetiltak og restriksjonar på gruppetimar. No er det klart at idrettssenteret stengjer frå klokka 18 torsdag.

Rydvang presiserer at dei vil informera når det er gjort ei ny vurdering.

Artikkeltags