Det skriv VG.
Opphavleg skulle 30 artistar vera med i jubileumsrunden, men berre 29 dukkar opp på TV.
Då TV 2 kunngjorde jubileumsplanane 20. august, like før innspelingsstart, melde kanalen at det skulle vera 30 artistar. Men Tone Damli trakk seg i siste liten.
Gravid
Manager David Eriksen (53) seier til VG at Tone, som var med i programserien i 2018, visste at ho var gravid då ho sa ja til å vera med. Ho hadde likevel håpa at ho kunne kombinera svangerskap med TV-innspeling.
– Me visste sjølvsagt då me var i dialog med TV 2 at dette kunne krasja med Tone si form under svangerskapet. Då innspelinga nærma seg, følte ho at forma var varierande. Me konkluderte med at det ville vera ein stor risk å senda henne inn der, seier Eriksen.
– Difor enda det med at Tone med berre dagars forvarsel måtte hoppa av. Ho hadde veldig lyst til å vera med, så det var kjedeleg for henne. Men no gler ho seg til å sitja heime i eiga stove og sjå gjengen på TV, seier Eriksen til VG.
Tone og sambuaren Markus Foss (38) vart foreldre til en gut 11. oktober. Sonen har fått namnet Marlon.
Snart premiere
Jubileumssesongen av «Hver gang vi møtes» har premiere 6. november. Åtte fredagar fram mot jul skal tidlegare deltakarar dykka ned i kvarandre sine materiale – før den ordinære «HGVM»-runden får premiere i januar.