HEIDRA PÅ HEIMEBANE: Kine Haugeplass og Oskar Stigen Sørensen har levert godte prestasjonar i sine idrettar i år. (Foto: Aurland kommune)

Treffsikker og hardtslåande

Kine Haugeplass og Oskar Stigen Sørensen vart heidra av kommunestyret for sine idrettsprestasjonar i år.

Publisert 23.09.2018 kl. 14.00.

 


I kommunestyret sist torsdag nytta ordførar Noralv Distad til å skryta av dei to unge idrettsutøvarane.


- Flott innsats

- Aurland skyttarlag og Aurland idrettslag gjer ein stor og flott innsats for born og unge. Det set Aurland kommune stor pris på, seier Distad, og legg til at desse to ungdomane har levert framifrå prestasjonar på skytebana og i bokseringen i år.


- Kine Haugeplass skaut fullt hus med 350 poeng i rekruttklassen på landsskyttarstemna. Med 25 innertreff heldt det til 4. plass i ein klasse med stor og tøff konkurranse.


- Oskar Stigen Sørensen kvalifiserte seg gjennom siger i internasjonal turnering til Europameisterskapen i boksing for ungdom under 15 år i Bulgaria. Oskar boksa godt og vart nr. 5 av 9 svært dyktige boksarar, seier Distad.


Gåve til laga

Aurland kommune vil gje ei merksemd til Haugeplass og Stigen Sørensen for deira strålande prestasjonar.


I tillegg vil kommunen gje ei lita gåve til Aurland skyttarlag og Aurland Idrettslag til vidare arbeid for born og unge.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida