Fredag ettermiddag vart det klart at ein tredje person har testa positivt for Covid-19 på Voss på under ei veke. Denne personen, ei kvinne, var den andre av dei to personane som vart testa etter nærkontakt med personen som hadde besøkt sitt raudfarga heimland tidlegare i sommar.

– Det kjem ikkje som noko overrasking at ho testa positivt. Heldigvis har det ikkje nokon ytterlegare konsekvensar for andre ettersom ho har vore i karantene den siste veka, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

Status for hennar eigen del vert derimot endra frå karantene til isolasjon, skriv kommunen i ei pressemelding.