Tre unge klatrarar stod fast på Falketind

Vart berga ned i god behald.

DEL

Måndag kveld fekk politiet melding frå Hovudredningssentralen om to jenter og ein gut i midten av 20-åra på fjellklatring på Falketind som trengde hjelp. Ved midnatt melde politiet på Twitter at dei tre stod skårfaste på ei fjellhylle og ikkje kom seg verken opp eller ned.

– Det er lågt skydekke med regn/sludd og dei er ikkje utstyrte for å overnatta ute. Ei alpin redningsgruppe blir forsøkt flogen inn med redningshelikopter, opplyste politiet rundt midnatt.

Rundt klokka 05 kom meldinga om at dei tre klatrarane var henta ut av den alpine redningsgruppa.

– Klatrarane skal vera i fin form og klarer seg sjølve vidare. Redningshelikopter returnerer til Sogndal med redningsgruppa, opplyste politiet på Twitter.



Artikkeltags