Dette kjem fram i ei pressemelding sendt ut klokka 02.24, der politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff ved Vest politidistrikt fortel følgjande:
– Vest politidistrikt fikk fredag 15. september 2023 klokka 22.45 melding om ei trafikkulukke i Florø, Kinn kommune, med to involverte biler. Ulukka framstod som alvorleg. Det var meldt at den eine involverte bilen stod i fyr. Førar og passasjer av den andre involverte bilen, ein mann og kvinne i 50- og 40-åra, var då komne ut av bilen, skriv Emmerhoff.
Det var ei møteulukke, som skjedde rett vest for rundkøyringa på Krokane på innfartsvegen til Florø.
Ressursar frå alle naudetatane blei sendt til staden, samt ein luftambulanse. Dei to personane som var komne seg ut av den eine involverte bilen blei sendt med luftambulanse og ambulanse til Førde Sjukehus. Begge var vakne og medvitne då dei blei transportert vekk.
– Dei skal ha stått fram som lettare skadd, men utover dette er det ukjend skadeomfang på desse to.
Stadfesta omkomne
Vidare fortel pressemeldinga at bilen som stod i fyr blei utbrent, og at det der var tre personar, som alle er stadfesta omkomne.
– Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er varsla og vil gjera undersøkingar på skadestaden laurdag. Politiet vil også gjera eigne kriminaltekniske undersøkingar. Det held på etterforsking av hendinga, og hendingsgangen er ikkje fullt klar for politiet på dette tidspunktet, fortel Emmerhoff.
Kommunens kriseteam med fleire er varsla for oppfølging av familie og vener. Skadestaden vil forbli stengd i ein lengre periode inntil alle undersøkingar er gjort.
– Publikum bør planleggja for å bruka alternative køyreruter fram til i morgon ettermiddag, laurdag 16. september, melder Emmerhoff.
Ungdomar
Laurdag føremiddag kjem det fram at det var tre ungdomar som omkom.
– Ein ungdom i tenåra og to tidleg i 20-åra omkom i den tragiske ulykka. Det er to gutar og ei jente, opplyser politistasjonssjef Wenke Hope til Firdaposten.
Den eine ungdommen er frå Florø, og ein av dei to andre omkomne er frå ein nabokommune.
– Foreldre og pårørande er no varsla, fortel Hope.
Ho seier vidare at politiet vil halda fram med tekniske undersøkingar på ulukkesstaden utover dagen.