KLARE FOR VM: Desse sognejentene skal køyra VM i telemark i Rjukan 19. til 23. mars. Frå venstre: Eirin Fiskaa Haugen, Andrea Fiskaa Haugen og Sara Felde Liljedal etter premieutdeling NM i sprint der dei fekk 3.,2. og 4.plass og kunne smila godt. (Privat)

Tre sogningar tatt ut til VM i telemark

Sogn blir godt representert under VM i Rjukan som blir arrangert frå 19. til 23. mars.

Publisert 11.03.2019 kl. 13.29.

- Me har tatt ut et ungt lag med mange juniorar. Det er fem seniorar og 11 juniorar som stiller til start. Det er åtte kvinner og åtte herrar. Me gler oss, seier sportssjef Per Olav Tangen til Norges skiforbund.


Tvillingane Andrea og Eirin Fiskaa Haugen frå Luster Telemarklubb og Sara Felde Liljedal frå Syril IL er tre av dei totalt åtte kvinnene som er tatt ut. 


I helga vann Andrea Fiskaa Haugen noregscup i klassisk telemark på Bjorli, og viser at forma fram mot VM er i rute.


Systera Eirin viste også god køyring, og kapra tredjeplassen. Sara Felde Liljedal tok ein sterk 4.-plass, som viser at ho høyrer heime heilt i toppen. 


Som under NM i Asker, dominerte sognejentene på toppen av listene, og denne gongen blei det fortent siger til Andrea. Resultata viser god utvikling og at forma er inne føre årets største internasjonale arrangement for telemarksmiljøet. 


Slik er VM-programmet ut:

19. mars: Opningsseremoni på Rjukan Torg


20. mars VM Klassisk (Gausta skisenter )


21. mars: VM Lag-parallell (Gausta skisenter )


22. mars: (1. omg.) kl. 12.30 (2. omg.) VM sprint (Gausta skisenter )


23. mars: VM Parallell (Gausta skisenter )


Siste saker Gå til framsida