Helse Førde melder om 11 nye positive smittetilfelle etter å ha analysert 69 prøver måndag 3. januar. Etter å ha analysert fleire hundre prøver den siste veka, var det berre 69 til analyse måndag.

Dei siste sju dagane har det vore 197 positive koronatestar i Helse Førde sitt område.

Per tysdag 4. januar ligg tre personar innlagde på sjukehus med covid-19. Den eine ligg i respirator.

Tilsaman har fire personar døydd med covid-19 i Helse Førde sidan pandemien starta, melder helseføretaket.