Tre nye smittetilfelle

DEL

Helse Førde melder om tre nye tilfelle av covid-19.

Fredag 20. november vart det analysert 277 prøver og tre var positive.

Prøvetakingskommunane var Kinn, Stad og Sogndal.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Sogndal kommune opplyser at en smitta personen er isolert, og fire nærkontaktar er sette i karantene. Det vert framleis drive med smittesporing omkring tilfellet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken