Eitt av desse tilfella gjer også at 18 born og fem tilsette i Tueteigen barnehage vert sett i karantene.

– Desse vert no følgde opp, og vert testa for korona, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge i ei pressemelding. Dei 18 borna og fem tilsette høyrer til same kohort i barnehagen. Resten av den aktuelle barnehagen held ope som vanleg, og følgjer gjeldande retningsliner for smittevern.

– Dette viser verdien av å ha kohortar i barnehagen, sidan me no raskt får oversikt over kven som har vore i nær kontakt med ein som er smitta, seier Hauge.