START: Anette Stegegjerdet Norberg og Louis Anda er to av advoktatane i saka. (Foto: Eli Grotle)

Tre menn tiltalt for gruppevaldtekt i Sogn - i dag startar saka i retten

Sogn og Fjordane tingrett startar i dag saka mot dei dei to brødrene og kameraten som er tiltalt for valdtekt mot ei jente i Sogndal.

Publisert 11.02.2019 kl. 09.19. Oppdatert kl. 10.17.

Tingretten har sett av seks dagar til saka mot dei tre tiltalte som har utanlandsk opphav.


Mennene er tiltalt for å skaffa seg seksuell omgang med vald eller truande åtferd eller hatt seksuell omgang med nokon som var medvitlaus eller av andre grunnar ute av stand til å motsette seg handlinga.


Valdtekten er å sjå på som grov fordi det vert lagt særleg vekt på at den er begått i fellesskap.


Seks dagar

Valdtekta skjedde i eit husvære i Sogndal i februar i fjor og ifølgje tiltalen skal jenta blitt halden fast med eit pute over nakke eller hovudet.


Aktor i saka er statsadvokat Rudolf Christoffersen.


- Påtale kjem til å føra åtte vitner i saka i tillegg til å leggja fram ein del undersøkjingar og analyser. Forsvaret har varsla at dei vil føra fem vitner, seier Christoffersen.


Advokatar for dei tre tiltalte er Anette Stegegjerdet Norberg og Louis Anda og Stig Nybø.


Robert Fonn er bistandsadvokat.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende