POLITIADVOKAT: Sissel Kleiven har straffesaksansvar for saka der tre menn no er sikta for gjengvaldtekt. (Arkiv)

Tre menn sikta og varetektsfengsla for gjengvaldtekt i Sogn

Tre menn er sikta for gruppevaldtekt av ei kvinne som skal ha skjedd i eit privat husvære i Sogn februar i år.

Publisert 11.06.2018 kl. 14.21. Oppdatert kl. 15.13.
Vest politidistrikt fekk melding om gruppevaldtekta i starten av april 2018. Valdtekta skal ha vorte utført av fleire menn i fellesskap. Forholdet skal ha skjedd i eit privat husvære i Sogn i februar 2018.
 
Saka har vore etterforska ei tid. Tysdag 5. juni greip politiet tre menn, som no er sikta i saka.  
 
- Dei sikta er av utanlandsk opphav med opphald i Norge. Dei sikta er no varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
 
Politiet er i ei tidleg fase og kan på noverande tidspunkt ikkje kommentera saka ytterlegare av omsyn til etterforskinga.

Vart varetektsfengsla sist torsdag

Dei tre mennene blei alle framstilt for varetektsfengsling sist torsdag. 


Advokat Anette Stegegjerdet Norberg, som er forsvarar til ein av dei tre sikta i valdtektssaka, seier at hennar klient samarbeider med politet og har gjeve fleire forklaringar i saka.


- På bakgrunn av dette har han samtykka til varetektsfengsling samt brev- og besøksforbod i fire veker, seier Norberg.


 Stig Nybø forsvarar ein av dei andre mennene.


- Han reknar seg ikkje skuldig, men er varetektsfengsla, seier advokaten.


- Samarbeider han med polititet?


- Det vil eg ikkje uttala meg om.


Louis Anda er forsvarar for den siste av dei tre. Han seier til Sogn Avis at klienten hans nektar straffeskuld.


- Min klient stiller seg heilt uforståande til denne siktinga, seier Anda, og legg til at han meiner klienten hans samarbeider med politiet.  


Les meir om: Nyhende Politi