På sine eigne heimesider fortel klubben at dei har signert trioen Erik Flataker (17), Kristoffer Haukås Steinset (16) og Sondre Ørjasæter (18) på kontraktar ut 2024-sesongen.

– Me er utruleg glade for at me har fått på plass tre unge og ambisiøse gutar. Alle tre er fylkesspelarar som kjem frå flotte klubbar og gode utviklingsmiljø, seier Håvard Flo til nettstaden.

Var med i fjor

Flataker er ein spiss frå Måløy, som allereie er kjend i miljøet etter å ha vore ein del av Sogndal 2 førre sesong, i tillegg til at han hospiterte ein del med a-laget.

Han debuterte også på G17-landslaget i fjor.

16-åringen Haukås Steinset kjem frå Florø, der han noterte seg for 15 kampar på tredje øvste nivå i fjor. Også han er på landslaget, der han har fem kampar for G16.

Lovande kantspelar

Ørjasæter på si side kjem frå Stryn, der han har gjort seg kjend som ein rask og lovande kantspelar.

Han har ei fortid i Lyn, spelte åtte kampar i 4. divisjon i fjor, og var også innom Fosshaugane på nokre treningsopphald i løpet av 2021-sesongen.