Hovedredningssentralen Sør-Noreg (HRS) melder laurdag kveld at tre klatrarar har problem på Store Skagastølstinden.
Meldinga er komen til HRS klokka 21.15.
Norske alpine redningsgruppe og redningshelikopteret i Florø var varsla.
– Helikopteret har akkurat vore der og heist dei tre opp og ut frå fjellet, seier Steinar Vatne på HRS-sentralen klokka 22.37.
HRS er ikkje kjent med om det er personskade. Dei fekk melding om tre klatrarar som hadde behov for assistanse.
– Dei blir no flogne ned til Turtagrø, seier Vatne.