Tre fekk køyreforbod og to vart melde til politiet

Statens vegvesen har hatt trafikkontroll på Håbakken natt til onsdag.

DEL

Ein varebil vart innhenta for ikkje å koma inn til skilta kontroll. Denne fekk bruksforbod for sikthindring i frontruta.

Ein anna varebil med tilhengjar i godstransport fekk bruksforbod for ikkje å ha fartsskrivar montert ved køyring underlagt køyre- og kviletidsføresegnene. Her vart firma melde til politiet for ikkje å ha utstyrt bilen med fartsskrivar.

Ein førar av eit vogntog vart melde til politiet for brot på køyre- og kviletida. Det vart også skrive ut fire tekniske manglar denne natta, to for sprokken frontrute, ein for manglande nærlys og ein for skade på tilhengjardrag.

Ein lastebil vart attrådd avregistrert for ikkje godkjend mangellapp. Mangelen vart retta opp på staden og vedtaket vart oppheva før vidare køyring.

Artikkeltags