Tre elevar ved vidaregåande skule i karantene – kommunen vurderer å stengja skular og barnehagar

TRE ELEVAR I KARANTENE: Høyanger vidaregåande skule.

TRE ELEVAR I KARANTENE: Høyanger vidaregåande skule. Foto:

Ein elev ved Høyanger vidaregåande skule er sett i karantene av føre var-omsyn. Kommunen set krisestab i dag, og vil der vurdera om ein skal stenga skular og barnehagar i kommunen.

DEL

(FIRDA)– Elevane på den vidaregåande skulen blir testa ut frå føre var-omsyn, det vil seie at vedkomande har vore i eit risiko-område eller har vore i kontakt med ein smitta. Me i får vite i ettermiddag om vedkomande er smitta eller ikkje, seier rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger.

– Me har tre elevar som sit i karantene. Dei har vore på eit elevting i Oslo, og rykte går ut på at det var andre på same hotell som var korona-smitta. Helsetenesta sjekkar no ut om det er grunnlag for å teste dei, og eventuelt sette dei i karantene, seier rektor Torill Thorbjørnsen ved Høyanger vgs.

– Er det aktuelt å stengja skulen?

– Det får bli opp til kommunehelsetenesta å ta stilling til. Me følger helsedirektoratet sine råd, og det gjer nok kommunehelsetenesta og.

Fleire i karantene

Elles i Høyanger kommune sit fem eller seks personar i karantene og ventar på prøvesvar, opplyser rådmann Kjellaug Brekkhus, som klokka halv elleve kom rett frå eit møte med kommunehelsetenesta.

– Me er veldig redde for at det berre er eit tidsspørsmål før nokon blir smitta. Difor set me krisestab i kommunen no klokka eitt. Der skal me gå gjennom alle rutinar og legge ein strategi for det som no kan kome.

Ringer ned legekontoret

Det vil og bli oppretta ein informasjonstelefon i kommunen for folk som har spørsmål i samband med koronasmitte:

– Me kan ikkje ha det slik som det er no, folk ringer ned legekontoret, og kapasiteten er heilt sprengd. Sjølvsagt skal folk som er sjuke få hjelp, men me må få silt vekk det som ikkje er viktig, og så er det viktig at folk får den informasjon dei treng.

Kommunen vil frå no av ha eit ord med i laget kva gjeld avvikling av alle arrangement med over 30 deltakarar:

– Dei nasjonale tala med 1.000 og 500 deltakarar passar ikkje for oss, me prøver å skalera ned til dei tal som er rett for vår kommune.

Vurderer å stenge skular

– Elevane ved Høyanger vidaregåande skule er vel bekymra, no som dei veit at elevar ved skulen sit i karantene?

– Den situasjonen blir avklart i ettermiddag, så det får me no sjå an til då. Men i møtet i krisestaben vil me ta stilling til om me skal stengja dei kommunale skulane og barnehagane i kommunen. Det kjem jo an på korleis dette utviklar seg vidare. Me veit meir om dette onsdag ettermiddag.

Artikkeltags