Gå til sidens hovedinnhold

Tre bilar i trafikkulukke

Vest politidistrikt melder rett før klokka 16 at naudetatane er på veg til Fjærlandstunnelen på riksveg 5 etter melding om trafikkulukke. Tre bilar skal vera involverte.

Ulukka har skjedd rett før Fjærlandstunnelen i retning Fjærland. Det er ukjent skadeomfang. Vegen er stengd på ulukkesstaden.

Oppdatering: Klokka 18 melde Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.

Kommentarer til denne saken