Tre av ti bedrifter i Indre Sogn fryktar konkurs

– Me ser ei forverring for kvar veke, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg.

DEL

NHO si fjerde medlemsundersøking etter at korona-krisa starta for alvor i Noreg viser ein stadig verre situasjon for næringslivet, skriv NHO Vestland i ei pressemelding.

– Me ser ei forverring for kvar veke sidan me byrja å køyra medlemsundersøkingane våre like før skulane blei stengde i Noreg. Situasjonen for bedriftene er dramatisk og akutt, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg.

No ser NHO blant anna at over tre av ti bedrifter seier at dei står i ein reell fare for å gå konkurs som følgje av sviktande etterspurnad i marknaden.

Kontantstøtte-pakke

Det gjeld også for Indre Sogn, som i stor grad følgjer trendane for Vestland fylke elles.

NHO er difor glade for at regjeringa i dag har varsla ei kontantstøtte-pakke for bedrifter som dei håpar blir vedteken i neste veke. Denne skal etter planen dekka bedriftene sine løpande utgifter som blant anna husleige og forsikringar. NHO jobbar tett med LO, regjeringa og Finansdepartementet i utarbeidinga av denne.

– Me veit at bedriftene har akutte utfordringar og at tid er essensielt, men vil gje honnør til det arbeidet som no gjerast politisk. Politikarane me er i kontakt med jobbar dag og natt for at me skal berga bedriftene gjennom denne krisa.

NHO Vestlandet jobbar no tett saman med LO Vestland og Vestland fylkeskommune for å identifisera prosjekt og tiltak som kan setjast i verk for å auka sysselsettinga og halda hjula i gang i Vestland.

Lokale initiativ

– Me vil gje honnør til fylkeskommunen som i går la fram ein tiltakspakke for næringslivet etter å ha gjort ei omprioritering i eigne budsjett. Me veit også at fylkeskommunen no jobbar med å påskunda planlagde vedlikehaldsprosjekt og investeringar.

– Det er gledeleg at me no ser mange eksempel på lokale initiativ for å halda hjula i gang, og for å berga bedriftene gjennom ein akutt situasjon. Me må alle trå til for å berga bedriftene gjennom denne krisa, avsluttar Berg.

NHO har gjort desse hovudfunna i Vestland:

• Åtte av ti bedrifter har merka lågare etterspurnad eller kanselleringar.

• Over ein av tre bedrifter har problem med å betala løpande kostnader og seier difor at det er reell fare for at bedrifta kan gå konkurs. For bedrifter under ni årsverk svarar 42 prosent dette.

• Ein av ti bedrifter seier at dei no planlegg for oppseiingar.

• Seks av ti bedrifter har permittert tilsette.

• Seks av ti bedrifter har problem med å få levert varer/tenester og har leverandørar som varslar forseinkingar.

Artikkeltags