Laurdag kveld klokka 23.30 rykte politiet ut til ei privat adresse i Åsane i Bergen. Bakgrunnen for utrykkinga var ei uromelding frå familien til vedkomande som budde på adressa. På staden vart det funne ein ung mann og ei ung kvinne. Kvinna vart erklært død på staden. Mannen var bevisst, men hadde behov for helsetilsyn. Vedkomande blei frakta til sjukehus. Politiet kan på noverande tidspunkt ikkje seia noko om dødsårsaka og seier det verkar mistenkjeleg.
Klokka 23.20 kontrollerte politiet eit køyretøy i Sjukehusvegen på Nordfjordeid. Det viste seg at føraren blåste over lovleg verdi i alkometeret. Vedkomande vart teken med til legevakt. Føraren hadde heller ikkje førarkort.
Klokka 00.17 fekk politiet melding om fleire rusa ungdommar i Vangsgata på Voss. Nærare 150 ungdomar var samla. Politiet rykte ut for å roa ned situasjonen.
I Florø vart det meld om eit slagsmål ved Tapasbaren i Markegata klokka 00.51. Ein person var slegen og blødde.
I Bergen vart politiet, klokka 00.54, kontakta av ein mann som hadde blitt slegen og sparka i ansiktet. Han var også blitt fråteken ein mobiltelefon. Politiet snakka med den fornærma.
I Uttrågata på Voss vart det meldt om ein alarm som gjekk frå eit lokale med leilegheiter og butikk klokka 01.04. Naudetatar rykte ut, men det vart ikkje observert flammar.
I Manger i Nordhordland vart ein bilførar målt til 87 km/t i 60-sona og fekk beslaglagt førarkortet.