113 tunge køyretøy var over Statens vegvesen sin kontrollplass på Håbakken i Lærdal tysdag kveld.

Der fekk to førarar åtvaring for brot på reglar om køyre- og kviletid. Så fekk eit køyretøy bruksforbod for manglande utstyr i samband med transport av farleg gods, dette gjaldt brannsløkkarar og skriftlege instruksjonar ved uhell.

Elles ein roleg kveld for kontrollørane, ser det ut av rapporten.