Det vart tre bruksforbod, to dekkgebyr, eitt overlastgebyr, tre andre gebyr, to politimeldingar og 12 køyretøy med skriftlege manglar då Statens vegvesen heldt tungbilkontroll i Håbakken i Lærdal tysdag kveld. 304 køyretøy var over kontrollplassen.

Dette er kontrollørane sine kommentarar:

1 Vogntog fekk bruksforbod for ha endra svingskivelåsen slik at det var fare for at den kunne løysast ut under køyring. Dette måtte rettast før vidare køyring.

1 vogntogførar fekk 4000 kr i gebyr for 4 dekk med mønster under lovleg minimum.

1 vogntog fekk teknisk mangel for oljelekkasje frå motor og retarder.

1 firma fekk 8000 kr i gebyr for ikkje å ha gyldig bombrikkeavtale. Her fekk føraren også åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

1 firma fekk pålegg om å retta opp i bombrikkeavtalen. Det synte seg at reg.nummer var korrekt men det var tasta feil på landskode - inntasta LT for Litauen, men køyretøyet var frå Latvia og skulle ha landskode LV. Førar fekk 500 kr i gebyr for å mangla vognkort til traileren. Og han måtte dokumentera råderett på tralla før vidare køyring.

1 vogntog fekk teknisk mangel for slitne bremseklossar på semitraileren.

1 firma fekk 8000 kr i gebyr for ikkje å ha gyldig bombrikkeavtale.

1 vogntogførar vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletida. Firmaet fekk 8000 kr i gebyr for dette.

1 vogntogførar vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletida. Køyretøyet var og overlasta og måtte lasta om før vidare køyring. Firmaet fekk 3350 kr i overlastgebyr.