Gå til sidens hovedinnhold

Trailer i grøfta på Hemsedalsfjellet

Klokka 17:19 twittrar Vegtrafikksentralen at Hemsedalsfjellet er stengt. Ein lastebil sperrar vegen ved Breistølen. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før vegen opnar opp att.

Politiet melder at det dreiar seg om ei trafikkulukke på fjellet. Trailer har køyrd ut i grøfta. Traileren står om lag tre meter ned i ein skråning, og nokre av dekka heng i lause lufta. Det er ikkje fare for at traileren sklir vidare nedover.

Traileren sperrar heile vegen. Politiet har kontakta bilbergar.

Kommentarer til denne saken