Trafikkulukke ved Kjørnes

ULUKKE: Tysdag kom det melding om ei trafikkulukke ved Kjørnes i Sogndal. Politi, ambulanse og bilberging rykte ut til staden.

ULUKKE: Tysdag kom det melding om ei trafikkulukke ved Kjørnes i Sogndal. Politi, ambulanse og bilberging rykte ut til staden. Foto:

DEL

Ambulanse og politi rykte ut til Kjørnes i Sogndal tysdag ettermiddag etter melding om ein påkøyrsel bakfrå.

Dei involverte er bevisste, men klagar på smerter i nakke, opplyste politiet på Twitter like før klokka 17 tysdag.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.46. Bilbergar vart også sendt til staden.

– Ein person vart frakta til Førde sentralsjukehus for undersøkingar. Vedkomande klaga på smerter i nakken, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Ulukka skjedde i 70-sona nær Kjørnes barnehage, ved avkøyrsla til ein sideveg, og det var to bilar involverte.

Politiet opprettar sak etter hendinga.

Artikkeltags