Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på Vikafjellet – trailer blokkerte heile vegbana

Uvisst når vegen opnar att.

– Me fekk beskjed klokka 1613 om at bergingsbil reiste frå Voss og oppover. Så tek det den tida tek å berga bilane. For det er også ein personbil involvert, så bergingsbilen skal ha med seg både vogntoget og personbilen, fortel trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Mina Heggernes.

Ulukka skal ha skjedd ved Ygnisdalen, og det er snakk om eit vogntog som blokkerer heile vegbana. Heggernes kan ikkje svara på kor lang tid det tek før vegen opnar att.

Klokka 1915 melder Vegtrafikksentralen Vest at vegen er open for fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken