Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på Rv 5 ved Eidet

Politi og ambulanse har rykka ut til ei trafikkulukke på Rv 5, ved Eidet i Sogndal. Det er ein bil med fire personar involvert.

Vest politidistrikt melder 16:09 at med den informasjonen dei har no, så er det snakk om lettare personskade.

Bilen står midt i vegbana, og det er kø i begge retningar. Dei involverte vert sende til legevakta for nærare sjekk, opplyser politiet.

Kommentarer til denne saken