Trafikkulukke på E16 -motorsykkel har velta

VELTA: Motorsyklisten som velta fekk hjelp til å flytta sykkelen ut av vegen.

VELTA: Motorsyklisten som velta fekk hjelp til å flytta sykkelen ut av vegen. Foto:

DEL

Vegtrafikksentralen vest melder like før klokka 11.30 laurdag at det har skjedd eit trafikkuhell på E16 ved Onstad i Aurland.

Dei ber trafikantane vere merksame på at det kan vere fare for kø.

Vest politidistrikt skriv på Twitter at dei fekk melding klokka 11.13 om ei trafikkulukke. Det er ein MC som har velta, ingen andre køyretøy er involvert.

Føraren er vaken og medviten. Naudetatane er på veg til staden.

Til sjukehus

Porten.no skriv at det var ein kvinneleg førar av motorsykkelen at ho er sendt til Voss sjukehus med lettare skader.

Ulukka skal ha skjedd då ho bremsa opp og sklei av vegen.

Artikkeltags