Trafikkulukke på E39

Publisert 16.01.2019 kl. 07.44.

Vest politidistrikt melder onsdag morgon klokka 07.00 om ei trafikkulukke på E39 mellom Vadheim og Lavik.


Ein bil skal ha køyrt i autovernet.


Føraren seier han er uskadd, men naudetatane er på veg til staden.


Vegmeldingssentralen skriv at eine køyrefeltet er sperra.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Notis