Trafikkulukke i Vadheim, glatte vegar og tre stengde fjellovergangar

Slik ser trafikkmeldingane ut onsdag morgon.

DEL

Vest politidistrikt melder at ein bil har krasja i Vadheim i Høyanger.

Ulukka skjedde klokka 06.30. Bilen skal ha køyrt inn i eit skilt og vidare inn i eit rekkverk på Fv 55 ved Vadheimstunnelen. Det var ein person involvert og vedkomande melder om smerter i brystet. Føraren blir køyrt til legevakt med ambulanse. Bilen blir henta av bergingsbil og trafikken går som normalt igjen, men det er glatt på staden, opplyser politiet på Twitter.

Glatte vegar og uvêr fører også til fleire stengde fjellovergangar.

Slik er status klokka 07.00:

Rv 13 Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr. Statens vegvesen vil ta ei ny vurdering onsdag klokka 14.00.

Fv 50 Hol-Aurland er stengd på grunn av uvêr.

Fv 53 Tyin-Årdal er nattestengd, gjeld fram til klokka 08.00.

Artikkeltags